Ver tidleg ute med verdivurdering

Vurderer du å kjøpe ny bustad? Då kan det vere lurt å få ei verdivurdering på din noverande bustad.

Når du skal kjøpe ny bustad er det viktig å ha finansieringa i orden. Før du kan legge inn bod, må du vite at likviditeten er i orden. Tore Berqvam er meklar og dagleg leiar i Garanti, Førde. Han fortel at det kan vere lurt å vere tidleg ute.
– For å kjøpe bustad må du ha ei form for finansieringsbevis. Om du ønskjer å legge inn bod etter visning, må meklaren ringe banken din og sjekke om du har høve til å kjøpe objektet. Om kunderådgjevaren din seier ok, så er det fritt fram. Om du derimot ikkje har ordna dette frå før, er det vanskeleg å få ei stadfesting på plass i tide. Er det ein attraktiv bustad risikerer du å miste ho fordi finansieringa ikkje var i orden.
Han rådar difor dei som vurderer å kjøpe ny bustad til først å snakke med banken sin og deretter innhente ei verdivurdering på noverande eigedom dersom banken krev det.
– Med ei verdivurdering på bustaden og deretter ein økonomisk gjennomgang med kunderådgjevaren din, er du betre posisjonert. Du veit kva du har å gå på når du skal legge inn bod.

Kostnadsfritt

Ei verdivurdering vert utarbeidd av ein meklar, og er ei teneste dei fleste meklarkontor tilbyr. Beliggenhet, attraktivitet, standard, byggjeår og areal er faktorar som ligg til grunn for vurderinga.
– Etter synfaring får du eit skriftleg dokument som summerer opp og fastset verdivurderinga av eigedommen. Ei verdivurdering er ikkje ein byggteknisk gjennomgang. Den må utførast av takstmann før det skal utarbeidast ei eventuell salsoppgåve. Verdivurderinga er eit estimat for kva ein kan forvente å få i dagens marknad, forklarar Berqvam.

Frå einebustad til sentrum

Berqvam opplever at mange ønskjer å selje einebustaden sin til fordel for ei leilegheit i sentrum.
–I Førde har det ikkje vore så mange bustadsprosjekt i sentrum dei siste åra, og vi merkar ein viss etterspurnad etter sentrale leilegheiter med gode kvalitetar. Folk likar å reise, og mange har hytte eller båt som dei brukar tid på. Då er det praktisk med ei lettstelt leilegheit med lite vedlikehald.
Om du er ein av dei som vurderer å bytte ut hus med leilegheit, meiner Berqvam det kan vere strategisk å få ei verdivurdering på huset no.
– Det er ofte rift om dei mest attraktive leilegheitene. Har du finansieringa i orden, har du større sjanse for å få tilslag på akkurat den leilegheita du har sett deg ut. Verdivurderinga er ein god indikasjon på kva du kan forvente å få for huset ditt. Til sjuande og sist handlar det om betalingsevne og likviditet når det kjem til kjøp, avsluttar han.