Terrasse og utespa på Førdes tak

Start dagen med ein symjetur i motstraumsbassenget, eller slapp av på ei solseng etter jobb. Ein av Ullsentralen sine mange kvalitetar blir ein stor, unik takterrasse. 

Eit godt bumiljø – også utandørs, gjev auka verdi og livskvalitet. Ullsentralen har satsa på ein stor og uforstyrra takterrasse på toppen av bygget, som innbyr til både privat og felles hygge. Den gode plassen gjer at du heilt uforstyrra kan slappe av på ei solseng etter jobb, eller nyte utespaet ein kald vinterkveld. Kvardag som helg, åleine eller saman med venner og familie: Terrassen og utespaet vil alltid vere tilgjengeleg for deg som skal bu på Ullsentralen.

Ro ned

Utespaet kjem i form av eit motstraumsbasseng. For dei som ikkje kjenner til konseptet, er dette den perfekte kombinasjonen av symjebasseng og utandørs massasjebad. I massasjebadet får du høve til å roe ned og nyte godt av vanndyser som masserer musklar og ledd, med det velværet og dei godene som følgjer med. Medan du slappar av på toppen av taket, pulserer bylivet rett under deg. Opplevinga blir unik og ei kjærkommen pause i ein elles travel kvardag.

Trening og terapi på taket

Kva med å starte dagen med ei treningsøkt i basseng? På taket av bustaden din? Eit motstraumsbasseng vil ikkje oppta like mykje plass som eit symjebasseng, men grunna motstraumsanlegget vil det likevel vere stort nok til å nyttast til symjetrening. Trening i vatn og å symje i straumen frå dyser, gjev riktig grad motstand og rett belastning for å styrke musklar og ledd, utan smerter. Her snakkar vi terapi på taket, tilgjengeleg for deg som bur i Ullsentralen. Bassenget er konstruert slik at det har lågt energiforbruk med tilsvarande driftsutgifter. Eit høgteknologisk kontrollsystem og avansert mikrofiltrering sørgjer for at du har klart og reint vatn til ei kvar tid.

Sosialt

Takterrassen vil vere eit gode for ”nabolaget” med felles opphaldsareal for alle bebuarane. Også her er det tenkt kvalitet; materialbruken er bevisst og gjennomført og gjev ei heilskapleg, ryddig og mjuk oppleving. Det vil bli tilrettelagt for utekjøken, sittegrupper, utsiktpromenade og kunstgras.
Kva med å samle venner til grillfest på taket? Eller eit slag boccia på kunstgraset ein solfylt søndag? Du kan stolt vise fram den unike takterrassen – med utsyn over heile Førde– til familie og venner. Og for deg med grøne fingrar, vil plantekassane gjere det mogleg å praktisere hobbyen din – midt i  sentrum.

Investering i livskvalitet

Ein stor terrasse på Førdes tak er luksus i kvardagen, og eit velvære vi kallar ei investering i livskvalitet. I ein tilbaketrekt, privat sfære kan du betrakte bylivet på avstand, medan du nyt det varme bassenget, hygger deg med venner eller steller i ”hagen”. Trim, sosial hygge, terapi, symjing eller sjelero? Moglegheitene på toppen er mange, og du bestemmer.