Ullsentralen – ei investering i livskvalitet.

Salet av Ullsentralen er  godt i gang, og leilegheitskomplekset er under oppføring midt i urbane Førde sentrum. Adressa blir Storehagen 3, og bygget er kalla opp etter den gamle ullsentralen som tidlegare låg på tomta. Arkitektane i Xform lovar eit bygg du ikkje har sett liknande til før i Sogn og Fjordane.

– Dette er eit bygg som vi verkeleg gler oss til å vise fram og som blir ein del av det nye ansiktet til Førde. Vi har prøvd å skape eit unikt prosjekt , med arkitektur som du elles ikkje opplever i fylket, seier Christina Kvamme, dagleg leiar i Xform.

Som med resten av Xform sine prosjekt, står arkitektur i fokus.

– Ekstra kjekt er det å kunne tilby eit slikt urbant bustadkompleks som ein elles berre ser i større byar. Vi ser ingen grunn til at berre storbyane skal få oppleve arkitektur, smiler Kvamme.

Kvalitet i alle ledd

Kvalitet er gjennomgangstema for bygget.
– Vi har lagt lista høgt for Ullsentralen. Bygget vil ha ein klar identitet, og ein viktig del av identiteten er gjennomgåande kvalitet. Alt i frå materialbruk og behageleg inneklima, til korleis du blir møtt ved kjøp.
Leilegheitene vil ha høg standard og bygget vil ha kvalitetar som ein ikkje opplever i Førde normalt sett.
– Prosjektet er svært ambisiøst, men vi meiner vi har lukkast med det, slår Kvamme fast og gler seg til byggestart.

Urbant med hage

Ein av kvalitetane til bygget kan Kvamme røpe allereie no:
– Ullsentralen tilbyr leilegheiter med hagestove, og hagestova vil fungere som eit ekstra rom i leilegheita. Om sommaren som uterom med potensiell hage, og om vinteren som opphaldsrom med glassveggar. Slik kan du oppleve omgjevnadane og det fine lyset året rundt, skjerma og privat midt i sentrum.
Kvamme kan love deg eit nytt favorittrom.
– Hagestova vil garantert vere med på å heve livskvaliteten. Kven vil ikkje nyte morgonkaffien ute heile året? Eller kose seg med ei god bok i måneskin, godt skjerma for vind og vêr? Hagestova er berre første smakebit på kvalitetane Ullsentralen vil tilby. Det kjem meir, seier ho løyndomsfullt.

Fleksible løysingar

Leilegheitene i Ullsentralen tilbyr noko for alle livsfasar.
– Leilegheitene er fleksible i høve størrelsar. Vi kallar det ”tre i ein-løysning”, der du anten kan kjøpe ei stor leilegheit med utleige, stor leilegheit utan utleigedel eller berre kjøpe utleigedelen. Slik får du høve til å tilpasse størrelsen etter behov og livsfase.
Det blir sjølvsagt rom for å sette sitt personlege preg på bustaden.
– Etter at du har kjøpt kan du gjere endringar. Då får du ei leilegheit som skil seg frå naboen si og ein stad det vil vere godt å vere for deg.

Spaser heim

Med leilegheit midt i sentrum kan du gå til dei fleste servicetilboda.
– Mange drøymer om å kunne spasere heim frå kino, konsert, teater eller restaurantbesøk. Ullsentralen ligg midt i byen med Kunstmuseet som næraste nabo. Her bur du sentralt, samtidig som bygget vil ha kvalitetar som gjer det mogeleg å trekke seg tilbake og ha private, skjerma sfærar. Dette meiner vi er noko av det mest unike med bygget: At du får det beste frå to verder.

Investering i livskvalitet

Med både særeigen arkitektur, sentral plassering og gjennomgåande kvalitetar skal Ullsentralen vere ein god stad å bu. Kvamme summerer prosjektet opp i ei setning:
– Ei leilegheit i Ullsentralen er ei investering i livskvalitet.

Og med det ber Xform alle interessentar om å ta kontakt eller legge att kontaktinformasjon.