Investerer gjerne i livskvalitet

Bustadmarknaden i Sogn og Fjordane hadde aldri sett maken, då Xform saman med Garanti Vest Eiendom starta salet av leilegheitene i urbane Ullsentralen for snart eitt år sidan. Mange var spente på om det var kjøpevilje for det eksklusive prosjektet.

Eit salsmøte på Scandic Sunnfjord Hotel opna ballet i februar med over 120 frammøtte. Leilegheitene hadde prisantydning på mellom 1,48 og 7,5 millionar, noko som er prisrekord for leilegheiter i Sogn og Fjordane. Visningsmøtet viste seg å vere ein suksess, og allereie første veka vart det selt leilegheiter for over 30 millionar kroner.

– Prosjektet er svært ambisiøst, men vi meiner vi har lukkast med det, sa dagleg leiar i Xform, Christina Kvamme den gongen, og gledde seg over den gode starten som prosjektet fekk.

_MG_9719

Tore Berqvam og Raymond Sandøy i Garanti

Berre ni ledige att

I dag er det berre 9 ledige leilegheiter att, av til saman 24 leilegheiter i bygget. Garanti Eiendom Vest er fornøgde med salet, og trur at dei siste bustadane vil forsvinne fort når Ullsentralen reiser seg og ein kjem nærare innflyttingsdatoen.

– Salet gjekk veldig fort i starten, og så roa det seg litt. Vi merkar at folk brukar lang tid på å bestemme seg, og det er vanleg å gå nokre rundar med seg sjølv – og nokre gongar familien – før ein tek eit endeleg val. Leilegheitskjøp er ikkje eit impulskjøp, og ein bør og må bruke tid på ei så viktig avgjerd, seier meklar Tore Berqvam i Garanti.

Kvalitetsbevisste

Gjennomgåande høg kvalitet på bygget gjer prosjektet unikt i Førde og Sogn og Fjordane. Ullsentralen vert marknadsført som ”ei investering i livskvalitet” og peikar på alle kvalitetane som følgjer med bygget, som motstraumsbasseng, lekre hagestover, stor takterrasse og meir. Mange var spente på kjøpeviljen til sunnfjordingane på eit så eksklusivt prosjekt, men ifølgje Berqvam og kollegaen Raymond Sandøy har ikkje det vore noko problem.

– Med tanke på at det aldri før har vore liknande prosjekt i fylket, har folk vore veldig opne og interesserte. Dei fleste er på jakt etter eit enklare liv, samtidig som dei ønskjer kvalitet. Nokre er skeptiske til prisen i starten, men når dei ser kva som faktisk inngår i den, blir dei positivt overraska. Her slepp ein å rekne på noko som helst. I botn ligg ein pakke med svært høg kvalitet, og felleskostnadane på bygget er låge, sjølv om alt er med der. I tillegg følgjer ein flott og gedigen takterrasse på 500 kvm med, seier Sandøy.

Bygget har fått mykje skryt både i media og på folkemunne. Mange meiner det vil heve heile kvartalet.

– Vi får mange tilbakemeldingar på at det er eit flott bygg! Det viser ikkje berre god arkitektur, det er også eit godt gjennomarbeidd prosjekt med gjennomtenkte romløysingar.

Enklare liv

Dei fleste som har kjøpt leilegheit i Ullsentralen er i aldersgruppa 50+.

– Den typiske kjøparen lengtar mot eit enklare liv, med mindre vedlikehald og meir fritid. Dei ønskjer å reise meir, og vil ikkje ha andre oppgåver knytt til bustaden enn å låse døra når dei reiser, smiler Berqvam.

Likevel tviler mange.

– Det sit langt inne å selje einebustaden, og barndomsheimen til ungane, og mange må gjennom ei omstilling før dei kjenner seg klare til å kjøpe ein mindre bustad i sentrum.

Omstilling

Omstillinga krev blant anna å kvitte seg med inventar.
– 250 kvm med innbu går diverre ikkje inn i ei mindre leilegheit. Då må ein kvitte seg med litt, og ta med seg vidare det viktigaste. Andre igjen ser på det som ein ny start, og kjøper alt nytt til leilegheita, forklarar Sandøy.

Eit anna spørsmål som dukkar opp, er om ein har plass til gjestar.

– Dei fleste har ikkje behov for mange rom. Eit stort og gjennomtenkt opphaldsrom er mykje viktigare. Det er tross alt det som blir mest brukt. Og å ha moglegheita til å ta med gjestane opp på den lekre takterrassen, med utsikt over heile Førde, må vere fantastisk.

Berqvam og Sandøy rådar dei som vurderer ei leilegheit i Ullsentralen til å diskutere det med familien i jula.

– Då er familien samla og har god tid til å diskutere leilegheitskjøp.

Oversikt over ledige leilegheiter i Ullsentralen finn du her.

Finnkode: 58029411