Hagestove – privat sone midt i Førde sentrum

Mange ønskjer seg ei lettstelt leilegheit, men vil ikkje gi slepp på dei gode stundene i hagen. Du kan få begge deler. Urbane Ullsentralen tilbyr leilegheiter med privat hagestove. Du kan bu midt i Førde sentrum – med privat hage!

Året rundt

Hagestova vil fungere som eit ekstra rom i leilegheita, som du kan bruke heile året. Om sommaren som uterom, om vinteren som eit eige rom med glassveggar som gjer det mogeleg å ta lys og omgjevnader inn i leilegheita. Du opnar eller lukkar terrassen lett, alt etter ønska bruk.

Morgon og kveld

Likar du tanken på å nyte morgonkaffien ute heile året, eller avslutte dagen med ei god bok i måneskin, utan å ta omsyn til vêret? Då vil dette garantert bli ditt nye favorittrom. Uansett årstid vil hagestova by på kvalitetstid. Medan solstrålane varmar deg i sommarmånadane, vil du om vinteren kunne sitte lunt og varmt med utsyn til naturen som omringar Førde.

Samlingsrom

Du vil ha plass til eit spisebord i hagestova, og kan såleis samle familie og venner anten det er til julefeiring eller grillfest. Støy, trekk og vêr vil ikkje vere eit tema – Du lukkar att glassveggane etter behov. Dette rommet vil garantert vere med på å heve livskvaliteten din. Hagestova vil gi deg gode opplevingar midt i Førde sentrum, samtidig som den er skjerma og privat.

Nyt heim og utsyn midt i urbane Førde.