Eige eller leige?

Det er ikkje så stor forskjell på å eige eller leige. I Ullsentralen har vi fleire 1-roms leilegheiter for sal – frå 25,5 til 42 kvm – med prisar frå 1.480.000 til 2.240.00 kroner.

Gunstig rente gjer det trygt og komfortabelt å ta opp lån. Under har vi sett opp eit døme på kor mykje det kostar å ha eit lån på 2.000.000,-.

Låneeksempel:
Leilegheitspris: 2.000.000,-
Eigenkapital: 400.000,-
Lånebehov: 1.600.000,-
Rente, nominell: 3,25%
Nedbetalingstid: 25 år
Månadsbeløp: 7.847,-

Ein kan sjølv berekne bustadlånet sitt på nettstaden www.laanekalkulator.no, og justere det ut frå kva beløp ein har behov for å låne.

Kjøper du heilt ny leilegheit ”slepp ein unna” med særs låg dokumentavgift. I Ullsentralen betaler ein berre dokumentavgift for sin del av tomteverdien, sidan nyoppført bustad som ikkje er teken i bruk har fritak for dokumentavgift for bygningsmassen. Kjøparar av leilegheitene i prisintervallet over her betaler mellom 1.650,- og 2.660,- kroner i dokumentavgift for tomt. Øvrige omkostningar er 1.222,- kroner, i form av tinglysningsgebyr for skøyte og panteobligasjon, samt gebyr for panteattest.

Med ei leilegheit i Ullsentralen får du kort veg til kafé og restaurantar. Kort veg til parkar og rekreasjonsområde. Kort veg til fjord og fjell. Kort veg til arbeid og skule. Kort veg til offentlege kontor og helsetenester. Kort veg til det meste. Kort og godt; livskvalitet!