Ei urban solskinshistorie

Etter 27 år i stor einebustad i Slåttebakkane, flytta Frank og Audhild Kirkebø til eit moderne leilegheitskompleks i sentrum. Eit val dei ikkje har angra på.

Junisola har fått godt tak, og i nabohagen har solhungrige førdianarar teke seg ut på plenen. Ei scene som blir stadig vanlegare i sentrum, spesielt i parken ved Jølstra. Den har Frank og Audhild godt utsyn over, frå stor terrasse i 4. etasje i sentrum. Der er det lett å sjå for seg det gode liv, med utsyn til gatebiletet, Førde-fjella, Kunstmuseet og Jølstra på ein dag då elvebrisen og sola gjer livet akkurat slik det bør vere.

– Før hadde vi ikkje sol lenger enn til rundt 19.30. I går sat vi her i solskinet til klokka var over 22.30, smiler Frank til velkomst. – Og det er heilt fantastisk! Vi hadde riktig nok fleire soldagar i Slåttebakkane, men her nede har vi den fleire timar i sommarhalvåret, når det tel.

– Vi flytta ned i sola. Det er ei rein solskinshistorie, smiler Audhild.

Kva reaksjonar fekk de frå barn og familie då de selde barndomsheimen?

– Dei tykte det var litt trasig i starten, men dei forsto valet. Vi hadde ei leikehytte i hagen som barnebarna snakkar om enno. Det er litt sårt, men no tek vi dei heller med bort i klatreparken, smiler ho.

– Det var nokre som kommenterte at vi var litt for unge til å flytte i leilegheit, ler Frank.

Ein lettare kvardag

Kvifor valde de å flytte ned til sentrum, til betydeleg mindre buareal?

– Vi hadde stort hus og hage, og mykje som skulle haldast ved like og vaskast. Mykje av arealet sto ubrukt. Vi har tre døtrer, og då dei flytta ut brukte vi mindre av huset. Ein treng ikkje meir areal enn ein klarar å nytte, det skaper mykje unødig arbeid. Vi flytta fordi vi ønska eit enklare liv. Vi ville ha tid til andre ting enn husarbeid og vedlikehald, slår Audhild fast.

– Vi bygde huset i 1985, og etter 27 år sto vi framfor eit val: pusse opp, eller flytte. Skulle vi halde fram å bu der måtte vi blant anna pussa opp bad og ein del andre ting. Vi bygde oss hytte for nokre år sidan, og kunne ikkje sitte med to ”hus”. Så no dekkar hytta einebustadbehovet. Elles held vi oss urbane, smiler Frank.

– Det var ein overgang å gå frå stor einebustad til leilegheit på 135 rutemeter, men vi har tre soverom, alt på eitt plan, og i grunn meir areal enn vi ”treng” no òg. Det er utruleg lettvint å bu slik. Alt vedlikehald utvendig går i sameiget. Det einaste vi lyt gjere er å vaske måseskit av terrassen, seier Frank.

–No brukar vi tida på andre ting enn luking, rydding og vasking, smiler ho.

Saknar ingenting

Det ligg mange minne pakka inn i veggane på eit hus etter 27 år.

– Eg var mest skeptisk til å flytte: Vi bygde huset sjølv, ungane vaks opp der og vi har mange gode minne. Huset betydde noko for oss, seier Audhild ettertenksamt. – Men det er noko med kva ein skal bruke tida si på. Det fall nokre tårer då vi flytta, likevel har vi ikkje angra ein dag, seier ho.

– Vi hadde 27 gode år i Slåttebakkane, men den tid er forbi. Eg saknar ikkje noko med å bu i einebustad, seier Frank og deler ei historie. – Eg vaks opp ved Jølstra, på Steinen. I fjor bada eg i elva igjen, det er nok 45 år sidan sist, smiler han. – Når det er varmt blir området ved elva eit eldorado, som yrer av liv og bading.

– Og vi har orkesterplass til Førdefestivalen sine utekonsertar i parken frå terrassen. Det er veldig flott, og mange vil på besøk då, smiler ho. – Vi deltok ikkje like mykje på festivalen før, men etter å ha flytta til sentrum gjer vi det. Det er mykje enklare å komme seg ut og ete, gå på kafé, ta ein tur ut, eller nytte seg av kulturtilbod og slikt med gåavstand til alt. Vi et middag ute oftare enn før. Og trenar oftare på Spenst nokre hundre meter unna. Vi har bakeri rett over gata, og eg har frisør i kjellaren. Det er det ikkje mange som har. Sist eg farga håret der gjekk eg opp medan fargen sat og laga middag, ler Audhild.

– Skulle ein sakne naturen er det berre å hive seg i skoa: Hafstadkleiva ligg 200 meter unna, og den skal vi opp seinare i kveld, seier Frank. – Før hadde vi stor tomt, og skog som nabo, no har vi Jølstra og park i nærleiken. Det er ei veldig god erstatning. Området rundt Jølstra har blitt fantastisk flott.

– Det einaste vi saknar er ein matbutikk i nabolaget. Det er litt langt å gå bort til Coop Mega, seier ho med glimt i auget.

På spørsmål om kva det beste med å bu slik er, kjem svaret raskt, frå begge.
– Alt er mykje enklare!
– Eg syklar til jobb. Det gjorde eg medan vi budde i Slåttebakkane også, men det var noko tyngre, ler Audhild.

Ønskjer du det same som Frank og Audhild? Ullsentralen ligg midt i Førde sentrum og har ledige leilegheiter. Les meir om bygget her og sjå tilgjengelege leilegheiter her.

Kjøper du leilegheit i Ullsentralen får du eit enklare liv med på kjøpet. I tillegg til sentral plassering, har leilegheitskomplekset utespa på takterrassen.

Kjøper du leilegheit i Ullsentralen får du eit enklare liv med på kjøpet. I tillegg til sentral plassering, har leilegheitskomplekset utespa på takterrassen.