Din eigen, vesle oase midt i Førde sentrum

Den norske sommaren kan vere kort, men med ei hagestove kan du sitte ute året rundt i all slags vêr, godt skjerma. Fleire av leilegheitene i Ullsentralen har hagestove – både isolerte og ikkje-isolerte. Med desse følgjer moglegheiter for mykje hygge.

Drøymer du om ditt eige uterom midt i byen? Der du kan sitte i ly for vêr og vind og nyte natur og by? Kanskje er du glad i å putle i hagen og å få ting til å gro – men ønskjer ikkje å bu i ein stor einebustad? Fleire av leilegheitene i Ullsentralen tilbyr hagestover.

Kvar årstid har si sjarm i hagestova

I dei isolerte hagestovene kan du sitte lunt og varmt heile året, og kvar årstid har si sjarm. Ikkje berre kan du utvide sommarsesongen, men også nyte dei kalde månadane. Sjå berre for deg ein klar og kald haustmorgon: I hagestova di skin dagens første solstrålar inn gjennom dei store glasveggane, medan byen vaknar til liv og du nyt morgonkaffien. Eller i desember når snøen dalar, og du har samla familien rundt middagsbordet i hagestova. Vinteren kan vere kald i Norge, men med tende lys og eit varmt teppe i hagestova di, er den kanskje mest koseleg? Til og med piskande regn har sin sjarm når du sit i ei hagestove. Om sommaren, og elles når temperaturen tillèt det, kan du opne opp fasaden og bruke stova som ein open, overbygd veranda.

Leik deg med planter!

Dei isolerte hagestovene i Ullsentralen vil ha vassboren varme i golva, og glasveggane vil vere isolerte. Altså vil dette rommet ha same temperatur som resten av leilegheita i vinterhalvåret. Om ønskjeleg kan du ha dører mellom hagestova og leilegheita, slik at du har høve til å lukke igjen ved behov. Likar du å ha det grønt rundt deg, kan du utvide hagesesongen med planter og vekstar i hagestova. Mykje lys og jamn temperatur gjev moglegheiter for deg som likar å få ting til å gro. Kva med eit appelsintre, sitrontre eller oliventre, som kan stå lunt om vinteren, og blafre i vinden om sommaren?  I dei isolerte hagestovene vil grøne planter, som Hoya Carnosa eller eit Bonzai-tre, trivast. Eller om det er heitt nok om sommaren: ei lekker Hawaiirose. Ein kombinasjon av hengande planter, store planter på golvet og mindre planter på bordet, skaper eit lekkert rom som du og gjestane dine garantert vil trivast i!

Ideelt for grøne fingrar

Dei ikkje-isolerte hagestovene vil naturlegvis ha lågare temperatur enn resten av leilegheita i vinterhalvåret. Likevel kan du installere til dømes terrassevarmar eller bruke gass som oppvarming i dette rommet. Heldigvis er det få dagar med sprengkulde på Vestlandet, og sola varmar godt gjennom glasfasaden. Du vil uansett vere i ly for vêr og vind uansett årstid, og såleis kunne nytte den året rundt med varme klede og teppe. Også her kan du utvide hagesesongen, då mange planter trivst svært godt i uisolerte hagestover, der dei står i ly, samtidig som dei får mykje lys og varme frå sola.

For deg som er glad i hagearbeid, er ei hagestove ideelt om du vil bu midt i sentrum utan moglegheit for hage. Her kan du putle med plantene dine og elles nyte det som blir eit ekstra opphaldsrom i leilegheita.

Her kan du sjå tilgjengelege leilegheiter med hagestove i Ullsentralen.